53 år og like blid

Sjølv med over femti år i farta er MAFOSS aktuell den dag i dag. Det er mange utfordringar å jobbe med, og vi er glade for at næringa brukar oss aktivt. I dag består administrasjonen i MAFOSS av dagleg leiar Jan Thormodsæter og prosjektleiar Jannike Tuvik Skarbø som til saman skal dekke arbeidsoppgåvene vi får frå medlemsbedrifter og styre.

Engasjementet rundt foreininga er godt, og med eit styre som består av personar frå gode bedrifter i næringa er vi visse på at vi er aktuelle og framtidsretta også i åra som kjem.

MAFOSS sitt styret for driftsåret 22/23 er:

  • Hans Jørgen Fedog, Green Yard Kleven, styreleiar
  • Margrete Heltne Hovde, TUSSA 24/ WATTN, nestleiar
  • Jarle Gunnarstein, Larsnes Mek. Verkstad AS, styremedlem
  • Jogeir Romestrand, ENTEC Group, styremedlem
  • Lars Lühr Olsen, Ulstein Verft, styremedlem
  • Per Erik Dalen, ÅKP, styremedlem
  • Tommy Fredriksen, Kongsberg Maritime, styremedlem

Dei siste åra har MAFOSS også vore engasjerte i Skaparhuset, der nye idear møter etablert industri. Gjennom Skaparlunsj og samlingar med aktuelle tema er Skaparhuset ein stad der vi møtest og utvekslar idear og erfaringar.