Arbeidskraft og kompetanse er dei viktigaste ressursane for bedriftene, og tilgang til god kompetanse er avgjerande for bedriftene si konkurransekraft og suksess. MAKOMP er ei satsing for å møte bemanningsutfordringane i den maritime klynga lokalt. Dette er eit kompetanseprosjekt med rekrutteringsarbeid høgt på agendaen, samstundes som det er stort fokus på eksisterande kompetanse. I tett samarbeid med lokalt næringsliv har vi difor utvikla ein modell for samarbeid om eksisterande arbeidskraft i den maritime industrien i regionen. Tysdag 6. september gjekk startskotet for utprøving av denne modellen, markert av ein kickoff med næringslivsleiarar, lokale politikarar og mange andre på gjestelista.
Prosjektet har nemleg god forankring politisk – lokalt og regionalt, og ikkje minst i eit næringsliv som sjølv tok initiativ til prosjektet. Fylkeskommunen og Sparebanken Møre er samarbeidspartar og støttespelarar, som frå ulike perspektiv ser at målsetjinga med prosjektet er samanfallande med eigne overordna mål og verdiar.
Rekruttering for framtida
Prosjektet er involvert på mange ulike arenaer knytt til rekruttering. Det er svært viktig for oss å arbeide saman med andre aktørar, maksimere effekten av ressursbruken, spele kvarandre gode og promotere regionen i si heilheit. Vi hevdar at mykje av jobben her er å tenkje nytt og jobbe smartare med rekruttering for å nå ut til ungdom med alt regionen vår har å by på av yrkesval og moglegheiter.
Vern og utvikling av eksisterande kompetanse
Gjennom modellen for samarbeid om eksisterande arbeidskraft vil MAKOMP leggje til rette for at bedriftene kan leige ut og inn personell seg i mellom ved behov. Dette gjer vi ved å fungere som ei felles plattform der bedriftene kan melde inn ledig kapasitet eller behov for å leige inn personell. Ei slik oversikt over tilbod/etterspørsel opnar for å nytte slike avtalar i større grad enn tidlegare. Prosjektet hjelper også bedriftene med informasjon til tillitsvalde, felles rammer og retningslinjer, avtalar og skriv.
For bedriftene vil prosjektet bety auka evne til å møte svingingar i marknaden, styrka samarbeid med andre bedrifter og redusert risiko for permitteringar. Tillitsvalde og fagforeiningar ser at dette vil bidra til tryggare jobbar, nettverks- og kompetansebygging for dei tilsette, og ynskjer også prosjektet velkommen. Alt i alt er prosjektet svært godt motteke, og vi gler oss til å saman foredle dette samarbeidet vidare!
Styringsgruppe
- Lars Lühr Olsen, Ulstein Verft
- Kjersti Kleven, Prodtex/ Skaparhuset
- Jogeir Romestrand, ENTEC/ Evotec
- Målfrid Nesje, M&R Fylkeskommune
- Geir Sundal, Kongsberg
- Sverre Thorsø, Fellesforbundet