Fokus på å løyse utfordringar

MAFOSS har i over 50 år representert den maritime klynga i dei sju kommunane på søre Sunnmøre, og frå etableringa i 1969 fram til i dag har fokuset vore på å løyse utfordringar for våre medlemsbedrifter. Bedriftene frå klynga her på søre Sunnmøre er verdsleiande innan den maritime og marine industrien, og representerer ei komplett verdikjede heilt frå idé og design til ferdigstilling av skip og utstyr.
Ein skulle tru at meir enn femti aktive år har fjerna alle hinder og løyst alle utfordringar, men oppgåvene for foreininga er framleis mange og omfattande. Difor jobbar vi dagleg med informasjon, opplysning, rekruttering og deling av kunnskap. Du kan lese meir om aktiviteten vår i denne årsrapporten, og du må gjerne kontakte oss via www.mafoss.no om du har spørsmål om aktivitet eller vil bli medlem.