– Samarbeide når vi kan og konkurrere når vi må.
Orda frå industrileiar Idar Ulstein er framleis ei rettesnor for bransjen på søre. Gjennom samarbeid har vi kome opp med teknologi og produkt i verdsklasse og gjennom sunn konkurranse har vi skjerpa og utvikla oss slik at vi alltid er på veg framover. Samarbeidet pregar kvardagen i næringa vår, og i MAFOSS er samarbeidet i styre og utval også godt synleg.
Gjennom utval og arbeidsgrupper møtest fagfolk frå medlemsbedriftene til diskusjonar og idéutveksling, og ved å legge møta til ulike bedrifter får ein god kjennskap til heile verdikjeda og andre produsentar og utviklingsmiljø. Utvala femner desse fagområda: Kompetanse- og opplæring, HR og personell, Logistikk og produksjon, Helse miljø og sikkerheit (HMS) og Forsking og utvikling (FoU).
Utvala har fokus på saker og områder dei jobbar med til dagleg i sine respektive bedrifter, og deler informasjon og erfaringar frå arbeidet med utvalet dei er med i. Slik utviklar vi oss i lag som bransje på fleire felt og er i god driv framover – saman.