Sterk og klar på Søre

Gjennom over 50 år har vi i MAFOSS erfart at ein må jobbe hardt og målretta for å lukkast. Ingenting kjem av seg sjølv, men med god fokus på utvikling, omstilling og produksjon av produkt som har ein global marknad har vi klart å vere i tet – også når tidene og behova endrar seg. Utvikling og produksjon krev jamn fokus, men det er også andre ting som må stemme og som ikkje alltid er like synleg i den daglege samtalen om maritim næring. MAFOSS jobbar aktivt med saker som utfordrar oss som industri, og som må vere på plass for at skal kunne vere i tet også framover.

Samferdsel og infrastruktur
Det er ikkje lett å drive industri på holmane på søre Sunnmøre. Det krev i alle fall optimale løysingar for transport på veg og sjø – og i lufta med. MAFOSS jobbar aktivt saman med andre gode krefter for å sikre gode rutetilbod for fly, buss og båt, og er ein tydeleg aktør i arbeidet med sikring av gode vegar og fjordkryssingar.

 

Politikk
Ingenting kjem gratis, i alle høve ikkje politiske avgjerder. MAFOSS jobbar aktivt inn mot politiske nivå for å fortelje historia vår og for å minne om utfordringane industrien vår har. MAFOSS meiner at sikring av verfta langs kysten er svært sentralt for å oppretthalde arbeidsplassar og for å oppretthalde ein industri av underleverandørar og innovative miljø. Om verfta ikkje får optimale vilkår kan resten også ryke. Dette må våre folkevalde forstå.

 

Kompetanse
Heile næringa vår er avhengige av at vi bevarer og utviklar kompetansen i næringa. Dette kan fort forvitre om ein ikkje jobbar målbevisst med dette. MAFOSS har jamt fokus på kompetanseutvikling og arbeider inn mot utdanningsmiljøa for å sikre rett tilgang til fagutdanningane vi treng. I tillegg er prosjektet MAKOMP etablert med ekstra fokus på dette feltet.

 

Samarbeid
MAFOSS samarbeider godt med andre aktørar som jobbar for industrien. Gjennom å dele erfaringar og arbeidsmetodikk oppnår vi samla sett meir enn om vi sit på kvart vårt nes. Dei siste åra har særskilt samarbeidet med NHO/Norsk Industri blitt styrka, noko vi ser god nytte av.