Eit skråblikk på 2022

Jan Thormodsæter, (leiar for MAFOSS), har studiotrening i ÅKP Studio, med eit skråblikk på året som har gått.

Start video

Jan Thormodsæter, dagleg leiar, oppsummerer 2022:

Fokus på å løyse utfordringar

MAFOSS har i over 50 år representert den maritime klynga i dei sju kommunane på søre Sunnmøre, og frå etableringa i 1969 fram til i dag har fokuset vore på å løyse utfordringar for våre medlemsbedrifter. Bedriftene frå klynga her på søre Sunnmøre er verdsleiande innan den maritime og marine industrien, og representerer ei komplett verdikjede heilt frå idé og design til ferdigstilling av skip og utstyr. Ein skulle tru at meir enn femti aktive år har fjerna alle hinder og løyst alle utfordringar, men oppgåvene for foreininga er framleis mange og omfattande. Difor jobbar vi dagleg med informasjon, opplysning, rekruttering og deling av kunnskap. Du kan lese meir om aktiviteten vår i denne årsrapporten, og du må gjerne kontakte oss via www.mafoss.no om du har spørsmål om aktivitet eller vil bli medlem.

Sterk og klar på Søre

Gjennom over 50 år har vi i MAFOSS erfart at ein må jobbe hardt og målretta for å lukkast. Ingenting kjem av seg sjølv, men med god fokus på utvikling, omstilling og produksjon av produkt som har ein global marknad har vi klart å vere i tet – også når tidene og behova endrar seg. Utvikling og produksjon krev jamn fokus, men det er også andre ting som må stemme og som ikkje alltid er like synleg i den daglege samtalen om maritim næring. MAFOSS jobbar aktivt med saker som utfordrar oss som industri, og som må vere på plass for at skal kunne vere i tet også framover.…
Kompetansedeling i dag og rekruttering for framtida

Kompetansedeling i dag og rekruttering for framtida

Arbeidskraft og kompetanse er dei viktigaste ressursane for bedriftene, og tilgang til god kompetanse er avgjerande for bedriftene si konkurransekraft og suksess. MAKOMP er ei satsing for å møte bemanningsutfordringane i den maritime klynga lokalt. Dette er eit kompetanseprosjekt med rekrutteringsarbeid høgt på agendaen, samstundes som det er stort fokus på eksisterande kompetanse. I tett samarbeid med lokalt næringsliv har vi difor utvikla ein modell for samarbeid om eksisterande arbeidskraft i den maritime industrien i regionen. Tysdag 6. september gjekk startskotet for utprøving av denne modellen, markert av ein kickoff med næringslivsleiarar, lokale politikarar og mange andre på gjestelista.…

53 år og like blid

Sjølv med over femti år i farta er MAFOSS aktuell den dag i dag. Det er mange utfordringar å jobbe med, og vi er glade for at næringa brukar oss aktivt. I dag består administrasjonen i MAFOSS av dagleg leiar Jan Thormodsæter og prosjektleiar Jannike Tuvik Skarbø som til saman skal dekke arbeidsoppgåvene vi får frå medlemsbedrifter og styre.…
Saman er vi smarte

Saman er vi smarte

– Samarbeide når vi kan og konkurrere når vi må. Orda frå industrileiar Idar Ulstein er framleis ei rettesnor for bransjen på søre. Gjennom samarbeid har vi kome opp med teknologi og produkt i verdsklasse og gjennom sunn konkurranse har vi skjerpa og utvikla oss slik at vi alltid er på veg framover. Samarbeidet pregar kvardagen i næringa vår, og i MAFOSS er samarbeidet i styre og utval også godt synleg.…

2022 i bilder